Traineen

Vurderer du å bli trainee?

Enten du er ny i området eller «tilbakeflytter», er du hjarteleg velkommen til å søkje, men me stiller nokre krav.

Du som søkjer:

  • har utdanning på bachelor- eller masternivå
  • har maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • beherskar norsk som arbeidsspråk
  • har vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unikt år som vil krevje mykje av deg

Som Vestland Trainee får du:

  • spennande utfordringar og stort innblikk i bedrifta du er knytt til
  • fagleg og sosialt nettverk med andre trainear
  • studietur til utlandet på minimum 4 dagar
  • unike erfaringar som gir deg mange fortrinn seinare i arbeidslivet
  • 4 faglege fellessamlingar
  • Mentor i bedrifta du arbeider i

Kva kompetanse som vert etterspurd vil avhenge av kva bedrifter som deltek. Men stort sett alle studieretningar og kompetanseområde har vore etterspurde. Vi har alltid brei fagleg spreiing i traineegruppa (samfunnsfag, IKT, økonomi, ingeniør, juss og marknadsføring), noko som gjer læringa unik.

Trainee-ordninga går frå august til og med juli året etter.